Einsam flygar Thu, Feb 17. 2005
Barn, ikkje le av den fuglen som flaksar så hjelpelaust av stad. Vinden har skilt han frå dei andre som flyg over havet i ei jamn, tett rad Vinden valde ut denne eine og kasta han ut av den usynelge lei som fuglar av hans slag plar følgje. Han er ikkje lengre ein av dei. Sin eigen veg må han finne, eller-om han trøytnar om litt- gi tapt, la seg falle, gå under, slik går det desse einsame titt. Det mørknar titt over havet. Ei frostnatt kvesser sine jarn. Ein fugl flyg einsam under stjerner. Ikkje gråt for den fuglen, barn. -- Haldis Moren Vesaas
« forrige side
(Side 1 av 1, i alt 1 artikler)
neste side »
